Stefanusalliansens partnere: Forferdelige øyeblikk da bygninger nær sentrale medarbeideres hjem ble lagt i grus.
Når muslimar får nok av islam
Kristne i Midtausten: Kva gjer kyrkjene når muslimar som har fått nok av islam etter IS, vender seg til kristen tru? Viser dei fram i triumf?
Etter dei grufulle IS-brotsverka skjer noko som lenge har vore utenkjeleg i Midtausten der det er farleg, mange stader livsfarleg, å forlata islam. Menneske med muslimsk bakgrunn søkjer kristen tru. Andre blir ateistar. I Libanons hovudstad Beirut har flyktningar frå IS-terror og krig i Syria oppsøkt kyrkjer i hopetal. Hundrevis har konvertert.
Kristne i Syria: Traumet
Mange muslimar tok av frykt eller overtyding parti med IS. Men storparten av flyktningane frå den sunni-muslimske IS-terroren er sunni-muslimar. Uventa mange orkar ikkje meir av islam etter alt som er gjort i islams namn. Sjølve har dei mista alt dei hadde.
Flyktningane har opplevd djupe traume og eksistensielle kriser. Eitt døme er ein familie på fire som for tre-fire år sidan kom seg frå Syria til Beirut og der til baptistkyrkja Resurrection Church (Oppstode-kyrkja). Familiefaren kunne fortelja at sønene på åtte og ti hadde sett menneske bli halshogde og kasta ned frå ein veranda. Den eldste tok traumet ut ved å bruka kniv på veslebroren. «Eg berre leika», sa storebroren då faren sette seg ned med han etter at det hadde gått bra med yngstemann på sjukehuset.
- Vil du regelmessig få nyhetsbrev fra Stefanusalliansen? Meld deg på her.
Kristne og muslimar: Fiendebiletet
Mange i Libanon er så trøytte av flyktningar at dei krev at syrarane snarast må dra tilbake dit dei kom frå. Men mange kyrkjer har derimot opna dørene på vidt gap med humanitær hjelp. Det har dei gjort utan krav til konvertering eller aktivitet. Flyktningane har ofte vendt ryggen til islam før dei kjem til ei kyrkje for å få humanitær hjelp. Fellesskap og omsorg i kyrkjene gjer så kristentrua attraktiv.
Teologen Martin Accad underviser kristne studentar – også konvertittar – frå Midtausten og Nord-Afrika ved Arab Baptist Theological Seminary i Beirut. At konvertittane kontant avviser islam, er eit faktum. Accad forstår også kristne studentar sin sterke skepsis mot islam etter at kristne i hundrevis av år har vore andrerangs borgarar og opplevd bølgjer av terror og vald.
Men kristne må ikkje overta det biletet konvertittane har av islam, meiner Accad som nettopp har publisert ei bok som tek oppgjer med mytar. Kristendommen – som historisk institusjon – har sjølv i historiske epokar vald på samvitet, minner Accad om. Fiendebilete er dessutan elendig misjonsstrategi for menneske som ikkje treng argument, men som lengtar etter nye fellesskap. Accad ber teologane gå i dialog om dei spørsmåla som skil muslimar og kristne, for å skapa fred og sameksistens mellom truande. Så ber han kristne om å vera medvandrarar for konvertittar.
Fiendebilete er dessutan elendig misjonsstrategi for menneske som ikkje treng argument, men som lengtar etter nye fellesskap
Freistinga
Det er ikkje minst lett for kristne å falla for freistinga og bruka dei mange nye truande som soldatar i «den kosmiske krigen» mellom islam og kristendommen. Men der har dei ingenting å gjera. Martin Accad har sett mange konvertittar få lokal pastorhjelp til å reisa til «kristne vener i Vesten», for å vera trygge. Ivrige amerikanske pastorar har feira konvertittane – som straks, jamvel utan opplæring, er blitt sende frå plattform til plattform for å vitna om reisa frå «islams mørke» til kristent lys.
Konvertittane blei kanskje trygge. Men mange har mista trua i kultursjokket i Vesten. Risikoen er også stor for at dei blir ståande utan sterke fellesskap – ein ny familie – som dei er heilt avhengige av.
Forsoninga
Accad vil at konvertittane skal bli i Midtausten. Arab Baptist Theological Seminary vil hjelpa nye truande til meir innsikt i den kristne trua, og til å forsona seg med familien som dei har brote med. Konvertittar fortel gjerne at dei er forfølgde av familien. Accad seier at han utfordrar konvertittar til å be familien om orsaking – ikkje for den nye trua, men for den respektlause måten dei gjekk fram på dei fortalde om kristentrua.
Dei nye truande med muslimsk bakgrunn må, seier han, få hjelp til å visa kva eit liv i Kristus verkeleg er. For konvertittane inneber den nye trua kjærleik, fred og evne til å tilgje. Familien ser derimot føre seg at kristne er støttespelarar for vestleg politikk, at dei drikk alkohol og lever eit utsvevande liv. Det er ikkje berre viktige teologiske skilje som står mellom muslimar og kristne.
Velsigninga for Midtausten
«Vi må hjelpa dei nye truande til å leva på ein slik måte at dei blir ein attraktiv modell for andre. Vi må unngå at dei automatisk blir oppfatta som forrædarar, som ein trussel. Dei må visa at dei er ei velsigning for samfunnet», sa Accad då han nyss gjesta Oslo for å snakka om korleis kyrkjer kan ta imot nye truande med muslimsk bakgrunn.
Bølgja av konvertittar frå islam kan vera med på å endra Midtausten.
Bølgja av konvertittar frå islam kan vera med på å endra Midtausten. Dei historiske kyrkjene er blitt svekka – tappa for folk som har utvandra eller flykta. Desse kyrkjene er på si side ofte svært skeptiske til konvertittar fordi dei – med rette – fryktar problem med politiet dersom konvertittane kjem til gudstenestene deira.
Skal konvertittane endra Midtausten, må dei – så sant råd – bli verande der. Det er både ei viktig og krevjande utfordring for kyrkjene i Midtausten og for alle som no må tenkja nytt om misjon i muslimske land.
FØRST PUBLISERT SOM KRONIKK I VÅRT LAND 24.9.2019
-
Stefanusalliansen støtter misjon i en rekke muslimske land. Vil du støtte arbeidet? Gi en gave